Informasjon nynorsk Informasjon bokmål Landslaget for Lokalaviser
Tollbugaten 27, 0157 Oslo
Telefon 22 86 12 70
Telefaks 22 33 82 22
lla@lla.no

Lokalavisa - ein nyttig og truverdig mediekanal

Seriøs og truverdig
Du og dei aller fleste har eit godt forhold til lokalavisa. Du veit at du kan stola på lokalavisa. Dermed blir gjerne også annonsane truverdige. Annonsane kjem på trykk i et miljø som forbrukarane har tillitt til.

Lite støy og stor merksemd
Lokalavisa er veleigna som annonsemedium fordi avisa er så lita som ho er! Annonsane druknar ikkje i mengda. Forbrukarane lett fram til annonsane. Ein enkelt avisannonse eller ein stor kampanje får den merksemda den fortener.

Annonsane er godt lesestoff
Annonsane i lokalavisa blir lesne. Tenk på deg sjølv: Når du les lokalavisa, stoppar du nesten alltid opp på annonsesidene. Mange leserundersøkingar stadfestar dette: annonsar er godt lesestoff. Unge og gamle, og dei midt i mellom, kvinner, menn -- alle synest dei at annonsar i lokalavisa er verde å sjå, og verde å lesa.

Annonsane utløyser handling
Du veit at det ikkje er nok med merksemd. Det viktigaste er at folk reagerer på bodskapen din. Då veit du kanskje også at ein annonse i lokalavisa ofte får folk til å reagera på bodskapen din. Ein annonse i lokalavis er med andre ord veleigna til å utløysa handling.

Dei som les lokalavisa, brukar pengar
Det er berre ei myte at det kun er ungdom som er busett midt i byen som brukar pengar. Lokalavisa vert lesen av folk som verkeleg har pengar å bruke! Visste du til dømes at etablerte kvinner og menn busett utanfor sentrum ofte har mindre gjeld, og langt fleire pengar, enn "asfaltjentene" i byen? Eller at folk i spredtbygde strøk brukar meir pengar på mat enn dei som bur i dei største byane? Og like mykje på møblar, eller kultur? Dette er kun nokre få døme. Det viktigaste er at den som har noko å marknadsføre snart forstår at det finst svært mange menneske med stor kjøpekraft utanfor sentrum! Og at desse meir enn gjerne brukar pengar på ditt produkt. Så sant du fortel dei om det, og det helst gjennom mediekanalen som dei les og trur på: Lokalavisa.

"Forbrukarane har tillit til annonsene i lokalavisa. Annonsene får dessutan stor merksemd."
"Annonsar er godt lesestoff. Avisannonsar er også veleigna til å utløyse handling."

Gode erfaringar
Har dei som flittig nyttar seg av lokalavisa gode erfaringar? Ja! Det er sjølvsagt ein grunn til at dei kjem attende. Fredrik Fjeldstad i mediebyrået CARAT Inter-Media AS seier det slik:

"REMA 1000 sin framgang dei siste åra bygger på mange faktorar. Ei kraftig fokusering på å kutte kostnader og forbrukarprisane er sjølvsagd det viktigaste. Massekommunikasjonen inneheld i hovudsak to element: På TV vert det køyrd filmar som viser konseptet "det enkle er ofte det beste". Og i godt over 100 lokalaviser blir det dokumentert veke etter veke at dei enkelte varene verkeleg har låge prisar. Gang på gang har vi diskutert om det er riktig å nytte så mange aviser. Men i dag er vi overtydd om at det framleis er rett å annonsere så lokalt som mogleg. Det syner resultata, og det fortel den enkelte REMA-kjøpmann oss.

Resultatet er viktigast
God marknadsføring handlar ikkje om å gjere alt så rimeleg eller så festleg som mogleg. God marknadsføring handlar om å gjere tinga sine rett. Om du prioriterer å nytte lokalavisa, kan vi lova deg at du kan få noko viktig igjen for pengane; nemleg sal! Om du vil selja ei vare, ei teneste, ein bodskap eller tilsetje nye medarbeidarar - lokalavisa er mediet for deg som er opptatt av konkrete resultat.

P.S.: Visste du at over tre menneske ofte les eit eksemplar av lokalavisa? Eller at lesarane ofte tar vare på lokalavisa i fleire dagar? Vi tør ikkje nemne at ein landsomfattande kampanje i lokalavisa knapt kan merkast på reklamebudsjettet, samanlikna med ei rekke andre marknadstiltak…

 

"Ulike medier har ulike oppgåver ovanfor ulike målgrupper. Lokalavisa er så nære handleposane at dei er svært veleigna til å dokumentere at den lokale kjøpmannen har låge prisar, heile året."
Fredrik Fjeldstad, CARAT Inter-Media AS

Lokalavisa - for resultatet si skuld…

Lokalavisa, nær og kjær!
Meir enn 100 av lokalavisene i Noreg er medlem i Landslaget for Lokalaviser (LLA). Lokalavisa har følgande kjenneteikn:

  • Stor truverd
  • Blir lest av mange og varer lenge
  • Er tinga og etterlengta
  • Nærast marknaden og nærast handlekorga

Ynskjer du å nytte deg av ein truverdig marknadskanal, bør du ta kontakt med den næraste lokalavisa di.

Landslaget for Lokalaviser hjelper deg sjølvsagt på vegen. Du når oss på telefon 22 86 12 70.

 

 

 

[OPP]
Landslaget for Lokalaviser • Tollbugaten 27, 0157 Oslo • Telefon 22 86 12 70 • Telefaks 22 33 82 22
lla@lla.no