|
Seriøs og truverdig Du og dei aller fleste har eit godt forhold til lokalavisa. Du veit at du kan stola på lokalavisa. Dermed blir gjerne også annonsane truverdige. Annonsane kjem på trykk i et miljø som forbrukarane har tillitt til.
Lite støy og stor merksemd Lokalavisa er veleigna som annonsemedium fordi avisa er så lita som ho er! Annonsane druknar ikkje i mengda. Forbrukarane lett fram til annonsane. Ein enkelt avisannonse eller ein stor kampanje får den merksemda den fortener.
Annonsane er godt lesestoff Annonsane i lokalavisa blir lesne. Tenk på deg sjølv: Når du les lokalavisa, stoppar du nesten alltid opp på annonsesidene. Mange leserundersøkingar stadfestar dette: annonsar er godt lesestoff. Unge og gamle, og dei midt i mellom, kvinner, menn -- alle synest dei at annonsar i lokalavisa er verde å sjå, og verde å lesa.
Annonsane utløyser handling Du veit at det ikkje er nok med merksemd. Det viktigaste er at folk reagerer på bodskapen din. Då veit du kanskje også at ein annonse i lokalavisa ofte får folk til å reagera på bodskapen din. Ein annonse i lokalavis er med andre ord veleigna til å utløysa handling.
Dei som les lokalavisa, brukar pengar Det er berre ei myte at det kun er ungdom som er busett midt i byen som brukar pengar. Lokalavisa vert lesen av folk som verkeleg har pengar å bruke! Visste du til dømes at etablerte kvinner og menn busett utanfor sentrum ofte har mindre gjeld, og langt fleire pengar, enn "asfaltjentene" i byen? Eller at folk i spredtbygde strøk brukar meir pengar på mat enn dei som bur i dei største byane? Og like mykje på møblar, eller kultur? Dette er kun nokre få døme. Det viktigaste er at den som har noko å marknadsføre snart forstår at det finst svært mange menneske med stor kjøpekraft utanfor sentrum! Og at desse meir enn gjerne brukar pengar på ditt produkt. Så sant du fortel dei om det, og det helst gjennom mediekanalen som dei les og trur på: Lokalavisa. |