Til hovedsiden
     torsdag 09. sep. 2010
Send oss en e-post
Torsdag 2. september 2010
Valgkonferanse

fra juni til september 2010
Redaksjonelt deskkurs

Tirsdag 16. februar
Opplagstallene offentliggjøres

6. - 7. mai 2010:
Mot til å meina-konferanse

Se flere arrangement ››

Har du tips til nyttige datoar? Send inn tipset på epost.



Søk i vårt nettsted:
 
 
Kampen har starta

Av Vidar Alfarnes - (09.02.10)

Har dagens pressestøtteordning gått ut på dato? Er det på tide at også nettaviser og andre nye medier vert inkludert i det gode selskap? Sist veke var det høyring om dei ulike medieaktørane sine syn på pressestøtta. LLA og lokalavisene var også på plass med ein fyldig delegasjon.

LLA sitt arbeidsutval på den pressepolitiske høyringa sist veke: Hilde Røsvik (t. v.), Tomas Bruvik og Ståle Melhus.

Noko av det siste kulturminister Trond Giske fekk gjort før han vart næringsstatsråd, var å setja ned eit utval som skal foreta ei heilskapleg vurdering for bruk av økonomiske verkemiddel innan media. Underforstått: Dagens ordning om pressestøtte og momsfritak vart utforma på 1960-talet, og er kanskje ikkje heilt ”up to date” nærare 50 år seinare. For å koma eit steg vidare med arbeidet, inviterte leiar Yngve Slettholm og resten av utvalet sist veke ei rekkje ulike medieaktørar til ei open høyring.

Rett etter lunsj var LLA og lokalavisene på plass. I tur og orden ga Tomas Bruvik (Kvinnheringen), Ståle Melhus (Fanaposten) og Hilde Røsvik (Øy-Blikk) utvalet eit kjapt innblikk i kvardagen for ei tredagarsavis, ei bydelsavis som kjem ut to gonger i veka, og ei lita lokalavis i Giske kommune som gler lesarane sine kvar torsdag. Lokalavistrioen er også LLA sitt arbeidsutval og representerte LLA og lokalavisene saman med generalsekretær Rune Hetland.

- Vi kan vanskeleg sjå på nett eller andre media som noko anna enn eit supplement til papiravisa. Støtteordningane som er i dag er heilt avgjerande for drifta av svært mange lokalaviser. I ei tid der alle vil vera lokalaviser, er det også gledeleg å visa til at vi til saman har kring to millionar lesarar. Og at vi meir enn overoppfyller dei pressepolitiske måla som ligg bak støtta, meinte Bruvik.

På direkte spørsmål frå utvalsmedlem Olav Terje Bergo om kva syn lokalavisene har på ei total plattformnøytralitet i forhold til støtte, svara Rune Hetland:

- Plattformnøytralitet frå dag éin vil vera å gå altfor langt. Det kan rett og slett rasera den gode ordninga vi har. Men vi er heller ikkje motstandar av nye støtteordningar. Det viktigaste er at ting vert prøvd ut før ein endrar på det som fungerar godt.

Medieutvalet skal levera si innstilling seinast 1. januar.

I tilknytning til LLAs landsmøte i Trondheim, inviterer LLA til pressepolitisk seminar. Her vil styret og generalsekretæren gå gjennom dei utfordringane som lokalavisene kan ha i vente når det gjeld endra rammevilkår.

Tomas Bruvik (t.v), Ståle Melhus og Rune Hetland svarer Olav Terje Bergo.

Eit nøgd pressepolitisk utval i LLA etter høyringa: Rune Hetland (t. v. ) Hilde Røsvik, Tomas Bruvik og Ståle Melhus.

Alle foto: Vidar Alfarnes.



Print Utskriftsvennlig versjon



Tilbake       Nyhetsarkivet       Arrangementoversikt       Notisar        Abonnèr på nyheter


 
Nye redaktører på Sørlandet

Både Frolendingen og ÅmliAvisa er klare for nye sjefer, etter at dagens redaktører er klare for nye utfordringer. I Frolendingen er det nå klart at Olav Svaland (36) blir redaktør fra 1.1.2011. Svaland er i dag journalist i Agderposten. - Jeg er jo en konkurranseperson, og målet er å være best. Frolendingen skal bli best på stoff fra Froland, sier avisens påtroppende redaktør.

Også i ÅmliAvisa er det planlagt redaktørskifte etter at Inger Stavelin slutter etter tre år i lokalavisa. Hennes tid har vært preget av etablering og nybrottsarbeid, mens det nå er i ferd med å bli en mer normal hverdag i avisa. Inger Stavelin og styreleder John Mjåvatn lover uansett en spennende jobb i et spennende dekningsområdet til den som rundt årsskiftet overtar som redaktør i Åmli.



Ny redaktør i Haramsnytt

Tidlegare prosjektleiar for "Mot til å meina", Einar Schibevaag (50), tek over som redaktør i Haramsnytt for Hjørdis Kristine Skaar, som har vore redaktør og dagleg leirar i lokalavisa i 12 år. Schibevaag har tidlegare jobba i avisbransjen, blant anna som redaktør i Suldalsposten i fem år, i kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan, og som nestleiar i Noregs Mållag. 



Sjå eldre notisar ››


  

  Tansa

  



  



 
Send oss en e-post Powered by i-tools