
Klare råd til lokalavisene under debatten på LLAs valgkonferanse i går. Fra venstre ungdomsvelgerne Natalie Lillebråten og Steinar Riksaasen, Vågå, ordfører Olaug V. Bollestad, Gjesdal, Martin Østerdal, Elevorganisasjonen og nestleder i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Katinka Hustad, tidligere ung-redaktør i Laagendalsposten og lokalpolitiker Tore Vikedal, Helgeland. Debattleder var Vegard Venli, lokalavisa Varingen.
Om det er å løfta den generelle valdeltakinga, eller å få fleire unge til å ta meir aktivt del i politikken, ja så stiller lokalavisene meir enn gjerne opp. For å sitera LLA sin generalsekretær Rune Hetland:
- Ingen andre kan ta den oppgåva. Lokalavisene er lokalsamfunna sitt minste felles multiplum og naturlege fellesarena. Vi har allereie vist at vi kan løfta i lag. No skal vi gjera det på ny, ivra ein offensiv LLA-sjef, då den store avisfamilien var samla til valkonferanse på Gardermoen torsdag.
På heimebane
Kring 50 lokalaviser hadde benka seg då kulturminister Anniken Huitfeldt vart ønskt velkomen til talarstolen.
- Det er eg som skal ønskje velkomen. Til min heimkommune, strålte statsråden som er oppvaksen på Jessheim, ni kilometer unna hovudflyplassen.
- Han er frå lokalavisa mi, smilte ho like etterpå, då John Granly frå Eidsvoll og Ullensaker Blad (EUB) ville ta nokre eksponeringar tett på den lokale Ap-politikaren.
Og Huitfeldt let det skina igjennom at ho var ein stor tilhengar av ein rik flora med lokalaviser over heile landet.
- Eg er imponert over det arbeidet som vert lagt ned i mang ein lokalavisredaksjon. I ein stadig meir globalisert kvardag trur eg at det lokale er viktigare enn nokon gong, sa Huitfeldt, som hugsa godt sitt første møte med EUB.
- Det var etter at ei veninne og eg hadde samla inn pengar til Redd Barna. Trur eg var kring ti år gamal.
Helst lokalavisene
Seinare har det vorte mange oppslag i den same avisa om den talentfulle politikaren frå Jessheim. Eitt av dei ho hugsar aller best, kom etter ein skulevaldebatt i 1993.
- Då skreiv dei at eg fekk mykje applaus, men det var mest på grunn av det korte skjørtet, og ikkje det eg sa, røpa ei lattermild Huitfeldt, 17 år seinare. Og ho hadde endå fleire løyndomar som ho ville dele med avisfolket.
- Vi som lagar valkampstrategiar har tidlegare vore opptekne av profesjonelle annonsekampanjar og flotte brosjyrar. I dag handlar det mykje meir om korleis ein kan koma på trykk i lokalavisene. Og det er eine og aleine på grunn av at lokalavisene er meir truverdige, og at ein der kjem tettare på veljarane, fortalte kulturministeren.
Heilt logisk
- Interessa hos dei er der, vi må berre leggja vekk ordet politikk. Spør dei heller om dei er interessert i samfunnsspørsmål, og då vert svaret eit heilt anna, hevda forskar Guro Ødegård, Institutt for samfunnsforskning.
- Dei unge er engasjerte, men på ein annan måte enn dei vaksne. For dei handlar det mykje meir om å vera der det skjer. Aksjonsformer er i sterk vekst, med monstermastene som det siste og store.
- Det er for mange tunge strukturar der ute, og vi er prega av ein manglande demokratipolitikk. Det nyttar ikkje å integrera ungdom inn i politikken, for at dei skal bli like på alle som er der frå før. Engasjementet må møte gjenklang. Det er heile valdeltakinga sin logikk, sa Ødegård.
Har fått det til
Med ein klasse frå Bjertnes vidaregåande i salen, og fleire inviterte ungdomar på gjestelista, var det ein spennande miks av folk som kom saman på Gardermoen torsdag. Alle tok del på sin måte. I debattar, gruppearbeid og gjennom pauseprat med andre deltakarar. Ei av desse var Katinka Hustad, tidlegare ung-redaktør i Laagendalsposten. Og det er ikkje småtteri dei har fått til i den friske lokalavisa i Kongsberg-området.
- Vi har ein redaksjon på elleve unge. Dei er rekruttert frå alle klassesteg og frå svært ulike miljø. Det gjer at vi til ei kvar tid har ei god oversikt over det som rører seg i ungdomsmiljøa. Vi styrer alt sjølv, og er slett ikkje ein redaksjon av vetlevaksne som prøver å etterapa det hovudavisa gjer. Vi har eit svært medvite forhold til at vi brukar ungdomen sitt eige språk, utan at vi på nokon måte skriv dårlegare av den grunn, forklarte Hustad, medan lokalavisredaktørar i salen gispa etter luft, og kunne mest ikkje tru det dei var vitne til.
- Skal du flytta til Sandnes, så har eg jobb til deg, repliserte redaktør André Jamholt i Sandnesposten. Og han var nok ikkje aleine om det.
Til inspirasjon
Dalane Tidende, Hallingdølen og Saltenposten har alle mykje godt valstoff på samvitet. Både i 2007, men ikkje minst frå fjorårets stortingsval. På Gardermoen delte dei villig vekk erfaringar og tidlegare oppslag med resten av gjengen. I tur og orden kunne Keth Odland, Bjarne Tormodsgard og Eva S. Winther fortelja om korleis dei ulike redaksjonane har jobba, og ikkje minst kva planar dei har for den komande valkampen. Det lova godt.
Med på vegen mot kommunevalet fekk deltakarane også redaksjonens valkalender og ei heilt fersk avis, "Valg i 100." Der har Helen Frøyseth i LLA plukka ut ei rekkje gode artiklar frå lokalavisene si valdekning.
- Her er det forhåpentleg artiklar både til inspirasjon og ettertanke. I haust skal vi også pussa opp idébanken slik at den blir langt enklare å bruka. Mykje godt i vente med andre ord, meinte ho som truleg har den beste jobben i landet.
- Eg får lesa 110 lokalaviser i arbeidstida mi. Betre kan det mest ikkje bli. Det måtte i så fall vera om avisene klarte å gje spalteplass til endå fleire unge, meinte Frøyseth.
Tekst og foto: Frilansjournalist Vidar Alfarnes
Foredraga frå LLAs valkonferanse:
Norfakta Jarle Gulbrandsen (pdf 1,5 MB)
Inst. for samf. forskning Guro Ødegård (pdf 2,9 MB)
Origo Bente Kalsnes (pdf 3,2 MB)
Framtida.no Svein Olav Langåker (pdf 410 KB)
Dalane Tidende Keth Odland (pdf 15,5 MB)
Hallingdølen Bjarne Tormodsgard (15,3 MB)
Saltenposten Eva S. Winther (11,5 MB)
LLA Helen Frøyseth (39 MB)
Resultatet av lyngruppearbeid
Dokumentasjonen kan brukast internt i avisene. Evt. ekstern bruk etter avtale med LLA.
LLA si nye valavisa, og redaksjonen sin valkalender, er no sendt til alle LLAs medlemsaviser. Ønskjer du fleire eksemplarer, tar du kontakt med lene(krøllalfa)lla.no

25 mediestudenter fra Bjertnes videregående skole
i Nittedal bidrog også med råd og meninger.

Morgendagens journalister sammen med dagens journalister.

Debatten om hva lokalavisene kunne gjøre bedre for å engasjere ungdommen mer. Debattleder: Vegard Venli, Varingen.

I debatten: Gjesdals ordfører Olaug V. Bollestad og Martin Østerdal i Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU).

Debattantene fra Vågå, Natalie Lillebråten og Steinar Riksaasen, fikk også et kort møte med kulturminister Anniken Huitf
eldt. Det ble selvsagt fotografert av lokalavisa Fjuken og Arve Danielsen.
"229" />
Kanskje noe av det aller viktigste på LLAs valgkonferanse: Lyngruppearbeid om hvordan avisene kan bruke det neste 12 månedene til å gjøre kommunevalget enda mer interessant.

Gruppearbeidet ga konkrete saker for lokalavisene de neste 365 dagene.

Kulturminister Anniken Huitfeldt i samtale med LLAs styreleder Ståle Melhus og generalsekretær Rune Hetland.

Pauseprat med blant annet Guro Ødegård (t. h.) og Jo Sagli fra Institutt for samfunnsforskning.

Bente Kalsnes, Origo, presenterte de sosiale nettverktøyene som også LLAs aviser snart kan ta i bruk.