|
|
|

LLA har flytta til Kongens gate
Landslaget for lokalaviser flytta sist haust til Kongens gate 14 i Oslo sentrum, bare eit par kvartal unna der vi var tidlegare i Oslo sentrum. LLA flytta saman med blant anna Mediebedriftene, NADA, Avis i skolen og andre gode krefter i norsk presse.
I anledning flyttinga, skifta vi også telefonsystem og telefonnummer. Blant anna er medarbeidarane sine direktenummer det samme som mobilnummera. Vi oppfordrar alle medlemsaviser og forretningsforbindelser til å bruka desse. E-postadressene er dei samme som før.
Nye nummer og adresser:
Telefon, sentralbord, LLA: 452 89 111
E-post: lla(krøllalfa)lla.no www.lla.no
Direktenummer/mobil og epost:
Lene Østberg Organisasjonssekretær 452 89 222 lene(krøllalfa)lla.no
Geir K. Hus Markeds- og informasjonssjef 452 89 333 geir(krøllalfa)lla.no
Rune Hetland Generalsekretær 452 89 444 rune(krøllalfa)lla.no
Helen Frøyseth, Prosjektmedarbeider 452 89 555 helen(krøllalfa)lla.no
Telefaks: 22 33 82 22
Post- og besøksadresse: Landslaget for lokalaviser Kongens gate 14 0153 OSLO
Lokalavissamkjøringa: Samme adresse og sentralbord som LLA: Telefon 452 89 111 Telefaks 22 33 82 22 post(krølllalfa)lokalavissamkjoringa.no www.lokalavissamkjoringa.no
Landslaget for lokalaviser
Landslaget for lokalaviser (LLA) har over 100 medlemsaviser som kvar veke blir lesne av ca ein million lesarar landet rundt. Samla opplag for medlemsavisene våre er ca 330.000. Det samla opplaget til avisene har auka i dei siste ti åra.
Dei fleste avisene i LLA er lokalaviser som kjem ut ein, to eller tre dagar i veka, såkalla fådagarsaviser. Desse avisene styrkar mellom anna det lokale demokratiet og det lokale kulturlivet. Avisene er dessutan eit viktig ”lim” mellom folk i dei enkelte bygder, tettstader og bydelar i heile landet. Lokalavisene er derfor ein svært viktig del av ei differensiert presse.
Lokalavisene blir lesen svært grundig og avisene er svært truverdige. Slik står lokalavisene fram som ein nyttig og truverdig mediekanal for både det lokale handelslivet, organisasjonar og for kjedebutikkar.
Føremål og tiltak LLA sitt føremål er å styrkja lokalavisene, slik at dei kan tene og stimulere demokratiet, kulturen og næringslivet i lokalsamfunna sine. Organisasjonen tar opp og samordnar felles saker, ønskje og krav for medlemsavisene, og vi skal vera avisene sitt talerøyr overfor styresmaktene og andre som gir avisbransjen rammevilkår. LLA arbeider også aktivt overfor mediebyrå, reklamebyrå og annonsørar for å synleggjera lokalavisene som attraktiv mediekanal.
LLA gjer også ein stor innsats med avisfaglege kurs. Det er viktig at lokalavisene sine medarbeidarar utviklar seg gjennom erfaring, etterutdanning og kurs for at avisene skal bli så gode som mogeleg. LLA legg derfor til rette både for sentrale, regionale og interne kursaktivitetar. Slik blir lokalavisene til enda større glede og nytte for lokalmiljøet sitt. Gjennom kurs og andre avisfaglege samlingar, får dessutan lokalavisene i LLA stor glede av kvarandre sine erfaringar og kunnskap.
I tillegg arbeider LLA med samarbeidsavtalar, serviceprodukt og generelle medlemsaktivitetar for lokalavisene. LLA står
dessutan bak Lokalavissamkjøringa landet rundt AS (www.lokalavissamkjoringa.no)
LLA har eit lite, men operativt og handlekraftig sekretariat. Det held til i Kongens gate 14 i hovudstaden og består av generalsekretær, markedssjef og organisasjonssekretær. I tillegg knyter LLA til seg ytterlegare krefter når vi har nye prosjekt.
Styret i LLA har sju medlemer og tre varamedlemer.
Historie Landslaget for lokalaviser vart skipa på Voss i 1976. Sidan den gong har LLA særleg arbeidd for best mogeleg rammevilkår, mellom anna gjennom ei meir rettferdig fordeling av pressestøtta. Etter mange års arbeid, fekk LLA i 1989 endeleg gjennomslag for at også aviser som kjem ut ein gong i veka med minst 1000 eksemplar, også skal ha produksjonstilskot. Frå 1992 har LLA vore representert i alle viktige utval mellom stat og presse. I 1998 fekk vekeavisene avisporto i staden for bladporto, noko som ikkje minst skuldas ein langvarig innsats frå Landslaget for lokalaviser. LLA var også representert i Dagspresseutvalet som i 2000 la fram ei mediemelding som framheva også lokalavisene si viktige rolle i Norge. Alt dette er døme på at lokalavisene treng ein organisasjon som målretta arbeider for å fremja lokalavisene si sak.
Styre Ståle Melhus, Fanaposten (styreleiar)
Hilde Røsvik, Øy-Blikk (nestleiar)
Roar Osmundsen, Søgne og Songdalen Budstikke (nestleiar)
Hilde Eika Nesje, Bø blad
Gry Thorsteinsen, Nye Troms
Astrid Espeland, Suldalsposten
Kjell Vidar Bergo, Hallingdølen
Edd Meby, Våganavisa (vara)
Janne Hopmo, Frostingen (vara)
Lars Kristian Seierstad, Stangeavisa (vara)

LOKALAVISSAMKJØRINGA LANDET RUNDT AS Lokalavissamkjøringa er en annonsesamkjøring bestående av nesten 70 l
okalaviser. Her treffer du ca 650 000 lesere på en svært enkel og kostnadseffektiv måte. Sammen med Landslaget for lokalaviser (LLA) er det avisene selv som eier annonsesamkjøringen.
Nye kontaktopplysningar frå oktober 2009:
Telefon, sentralbord 452 89 111 Telefaks 22 33 82 22 post(krølllalfa)lokalavissamkjoringa.no www.lokalavissamkjoringa.no
Post- og besøksadresse: Lokalavissamkjøringa Kongensgate 14 0153 OSLO
|
|
 |
Nye redaktører på Sørlandet
Både Frolendingen og ÅmliAvisa er klare for nye sjefer, etter at dagens redaktører er klare for nye utfordringer. I Frolendingen er det nå klart at Olav Svaland (36) blir redaktør fra 1.1.2011. Svaland er i dag journalist i Agderposten. - Jeg er jo en konkurranseperson, og målet er å være best. Frolendingen skal bli best på stoff fra Froland, sier avisens påtroppende redaktør.
Også i ÅmliAvisa er det planlagt redaktørskifte etter at Inger Stavelin slutter etter tre år i lokalavisa. Hennes tid har vært preget av etablering og nybrottsarbeid, mens det nå er i ferd med å bli en mer normal hverdag i avisa. Inger Stavelin og styreleder John Mjåvatn lover uansett en spennende jobb i et spennende dekningsområdet til den som rundt årsskiftet overtar som redaktør i Åmli.
Ny redaktør i Haramsnytt
Tidlegare prosjektleiar for "Mot til å meina", Einar Schibevaag (50), tek over som redaktør i Haramsnytt for Hjørdis Kristine Skaar, som har vore redaktør og dagleg leirar i lokalavisa i 12 år. Schibevaag har tidlegare jobba i avisbransjen, blant anna som redaktør i Suldalsposten i fem år, i kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan, og som nestleiar i Noregs Mållag.
Sjå eldre notisar ›› |




|