Magne Lønning og Kjell Eidesvik gjekk ut i mob-båten til ferja «Strandebarm» for å berga liv etter «Sleipner». Dei redda to menneskeliv. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlo-nytt
Magne Lønning og Kjell Eidesvik gjekk ut i mob-båten til ferja «Strandebarm» for å berga liv etter «Sleipner». Dei redda to menneskeliv. Foto: Nils-Tore Sele, Bømlo-nytt

20 år etter ulukka for hjelpemannskapa

Det var eit stort apparat involvert under og etter redningsaksjonen då MS «Sleipner» gjekk ned. Mange sit framleis att med tunge minne. Bømlo-nytt har intervjua fleire av dei no, 20 år etter.

Bergingsmannskap, ambulansefolk, sjøfolk, politi, legar, psykolog, prestar, kommunar, frivillige. Det var eit stort apparat som engasjerte seg i redningsaksjonen etter Sleipner-ulukka.

Mange av bergingsmannskapa gjekk ut frå Bømlo, og mange overlevande og omkomne vart tekne i land på Bømlo. Det var også mange frå Bømlo om bord på MS «Sleipner», både passasjerar og mannskap. To av dei omkomne var frå Bømlo.

– Kommunen vår var sterkt involvert i Sleipner-forliset og er nok framleis prega av ulukka når me byrjar snakka om det, fortel redaktør Randi Olsen i Bømlo-nytt.

Ho meiner det var viktig å dekke saka breitt då det var 20 år sidan forliset. Dei har mellom anna intervjua prestar, matrosar, journalistar, ambulansesjåførar og dei som var ordførar og rådmann den gongen. Mange av historiene er ikkje fortalde før, og er framleis sterke. Prestane fortel om ei stor takksemd for at alle som hadde noko å bidra med kom så fort på bana, og om korleis det var å ta vare på andre samstundes som ein visste at eins eiga dotter kunne vere om bord. Ambulansesjåførane hugsar framleis diesellukta av omkomne og overlevande. Dei fortel om korleis dei nærast fungert som eit samleband som hjelpte og sende vidare den eine etter den andre. Matrosen sit att med synet og lyden av dei som ikkje greidde seg. Han fortel for første gong om opplevinga gjennom sine eigne dagboknotatar.

Bømlo-nytt valde å lage fire podcast-episodar om Sleipner-ulukka som ein merverdi til avissakene.

I intervjuet med journalist Nils-Tore Sele og Redaktør Randi Olsen kan du høyre korleis det er å vere på jobb som lokalavisjournalist når ei større ulukke råkar ditt eige lokalsamfunn.