NY PÅ NETT. Dei tilsette i Bø blad skal frå og med i dag levere like mykje nyheiter frå Midt-Telemark på nett som i papiravisa. F.v. Øystein Akselberg (journalist), Åsne Mæland (journalist), Rune Digranes Bøen (salsansvarleg), Gro Røiland (journalist), Synnøve Sudbø Kleppe (marknadsmedarbeidar), Dag Einar Hvitsand (grafikar), Marta Kjøllesdal (journalist). Framme redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje.
NY PÅ NETT. Dei tilsette i Bø blad skal frå og med i dag levere like mykje nyheiter frå Midt-Telemark på nett som i papiravisa. F.v. Øystein Akselberg (journalist), Åsne Mæland (journalist), Rune Digranes Bøen (salsansvarleg), Gro Røiland (journalist), Synnøve Sudbø Kleppe (marknadsmedarbeidar), Dag Einar Hvitsand (grafikar), Marta Kjøllesdal (journalist). Framme redaktør og dagleg leiar Hilde Eika Nesje.

Bø blad: Endeleg konkurransedyktig også på nett

Med stram økonomi vart det lenge utsett å investere i ei skikkelig nettløysing for Bø blad. Førre veke vart dei endeleg ei fullverdig lokalavis også på nett.

Hittil har Bø blad berre hatt ei enkel nettside der dei kanskje har lagt ut ei nyheitssak om dagen. No har dei fått ordinær nettavis med innlogging for abonnentar.

– Det er mange år sidan vi sat her på styremøte og diskuterte at vi måtte få nettavis. Men vi har hatt stram økonomi, og har ikkje hatt råd til å vere prøvekanin. Vi burde sikkert ha gjort det for lengst, men er veldig glade for at vi no er konkurransedyktige også på nett, sier redaktør Hilde Eika Nesje.

Slik forklarar ho det for lesarane av Bø blad:

Det er ikkje det at me ikkje har hatt lyst, eller ikkje har evna til å lage nyheiter som ein må betale for på digitale plattformar. Det er bare det at me har vore små i det store bildet. Og når ein er liten blir det skummelt å gjere noko som ein ikkje heilt veit om ein kan få til – i alle fall når ein ikkje har verken ressursar eller økonomi til å risikere feilslått investering. Sjølv om me veit at den som ikkje vågar, ikkje vinn, har me valt å sitje på gjerdet til me har vore klare. Det er me nå, og me gler oss til framtida.

Redaktøren har snakka med ulike leverandørar på LLAs landsmøte og «Lokal og digital»-konferanse. Til slutt valde dei Appex si løysing.

– Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på at avisa ser rein og fin ut. Men eg trur at folk i lokalsamfunnet må venne seg til at vi har ei nettavis som blir hyppig oppdatert, seier ho.

For å vere oppdaterte har Bø blad som mål å publisere seks saker om dagen, to per journalist. Det har dei klart å gjennomføre så langt.

– Vi er i ein innkjøringsfase no. Det har nok blitt meir hektisk i kvardagen, samtidig er det godt at vi no blir flinkare til å få ut sakene etter kvart i staden for å utsetje å gjere dei ferdige til papiravisa, seier Hilde Eika Nesje.

Ho håpar at nettavisa kan bidra til nye abonnentar, både blant eit yngre publikum og i nye dekningsområde i samanslåingskommunen.