Frykter kroken på døra: Dovre frivilligsentral kan miste 328 000 kroner i statleg støtte. Dagleg leiarar Anett Haugen og Linda Berntsen trur det kan bety slutten på organisert frivilligheit i kommunen. (Skjermdump frå Vigga.no)
Frykter kroken på døra: Dovre frivilligsentral kan miste 328 000 kroner i statleg støtte. Dagleg leiarar Anett Haugen og Linda Berntsen trur det kan bety slutten på organisert frivilligheit i kommunen. (Skjermdump frå Vigga.no)

Fryktar det vert slutt på organisert frivilligheit i Dovre

Vigga skriv om dei komande endringane for frivilligsentralane. Dovre frivilligsentral kan miste store delar av støtta.

Dovre kommune har ein særs aktiv frivilligsentral, som vil miste 328 057 kroner i støtte og stå igjen med eit budsjett på 98 943 kroner. Dagleg leiarar Anett Haugen og Linda Berntsen trur det kan bety kroken på døra for frivilligsentralen og slutten på organisert frivilligheit i kommunen, skriv journalist Simen Rudiløkken i Vigga.

Frivilligsentralane i Norge finst i dag i 352 kommunar og organiserer over 50.000 frivillige. Hittil har alle hatt like stor støtte frå staten.

Det har tidlegare vore varsla at kommunane skal overta ansvaret for å støtte frivilligsentralane. I årets statsbudsjett vart det stadfesta at tilskotet skal innlemmast i kommunane sine rammetilskot, og at storleiken vert tilpassa til talet på innbyggjarar i kommunen. Det betyr at det vert opp til kommunane om dei vil prioritere frivilligsentralane eller om dei vil bruke pengane på andre område. Det betyr også at dei minste kommunane får mindre enn før.

Hittil har alle kommunar fått overført like store summar i driftstilskot til frivilligsentralane. Tanken har vore at pengane skulle dekke 60 prosent av løna til dagleg leiar i full stilling pluss driftsutgifter. Frå 2021 vil alle kommunar med mindre enn 11.400 innbyggjarar, som i dag har ein frivilligsentral, få mindre enn i 2020.

Korleis slår endringane ut for frivilligsentralar i ditt område? Kva kan endringa bety for lokal frivilligheit?