Øy-Blikk har mellom anna intervjua elevane Helena Godø og Nelia Dyb. Foto: Lea Severine Lande Dybvik, Øy-Blikk
Øy-Blikk har mellom anna intervjua elevane Helena Godø og Nelia Dyb. Foto: Lea Severine Lande Dybvik, Øy-Blikk

Hugs å spørje dei som saka gjeld

Før kommunestyret skulle diskutere skulenedlegging, fekk elevar seie meininga si i lokalavisa Øy-Blikk.

I tider med stram kommuneøkonomi er det ikkje uvanleg at skulenedlegging vert tema. Så også i Giske kommune. Der vurderer dei no å leggje ned Godøy ungdomsskule.

Lokalavisa Øy-Blikk har eit par frilansarar som sjølv er skuleelevar. Dei har på eige initiativ laga fleire saker om skule og utdanning i det siste. I den siste saka Lea Severine Lande Dybvik leverte, hadde ho intervjua elevar om skulenedlegginga. Alle var imot, og alle hadde gode grunnar. Sjå saka her.

I saker som handlar om born snakkar vi ofte om, og ikkje med, borna. Born har rett til å verte høyrde i alle sakar som vedkjem dei. Ikkje berre i lokalavisa, men også av kommunen. Det skal kome fram av kommunen si sakshandsaming at dei har høyrt dei borna som saka gjeld. Kommunen skal ta omsyn til kva som er best for borna. Sjå barneombudet sitt skriv om prinsipp ved skulenedlegging.