MS «Sleipner» forliste berre nokre hundre meter frå Ryvarden fyr. Det har ført til at fyret har blitt ein møtestad for dei som blei ramma av ulukka. Foto: Kari Nilsdotter Haukås, Vestavind
MS «Sleipner» forliste berre nokre hundre meter frå Ryvarden fyr. Det har ført til at fyret har blitt ein møtestad for dei som blei ramma av ulukka. Foto: Kari Nilsdotter Haukås, Vestavind

Når ein plutseleg får bruk for kriseteamet

Mange kjenner brått på eit stort ansvar når ein katastrofe inntreffer. Korleis er det å vera ordførar med ansvar for kriseteam? Kva får Røde Kors-leiaren til å ta fri frå jobb for å bidra som frivillig? Sjå saker i Vestavind.

For 20 år sidan gjekk «MS» Sleipner ned utanfor Ryvarden fyr i Sveio kommune. I Vestavind fortel dåverande ordførar i Sveio om jobben kommunen brått måtte ta på seg med å oppretta kriseteam, servera mat til hjelpemannskapet, teikna kart, halda minnemarkering og ikkje minst vera medmenneske for alle som trong hjelp. Pårørande Tove Følid fortel om tida etter ulukka der ho mista sonen sin. John Anders Semb var leiar i Sveio Røde Kors den gongen, og fortel om hjelpearbeidet. Han tok fri frå jobb i to veker for å delta i redningsaksjonen som frivillig.

Det var ganske tilfeldig at journalist Kari Nilsdotter Haukås fekk den sistnemnde historia. Ho kontakta Semb, som er oppsynsmann i drift- og vedlikehaldsavdelinga i Sveio kommune, for å sjekka eit rykte om at det var problem med å få låst opp bommen til den fire kilometer lange vegen ut til Ryvarden fyr då MS «Sleipner» forliste. Han kjende ikkje til den historia, men fortalde då at han den gongen var leiar i Sveio Røde Kors.

Då redaksjonen i Vestavind tidleg i haust begynte å snakka om korleis dei skulle dekka 20-årsmarkeringa etter Sleipner-ulukka, kjente Kari Nilsdotter Haukås at ho kvidde seg litt. Ho hugsar ulukka godt, og kjente både ein av dei pårørande og kapteinen. Då ho begynte å jobba med saka og snakka med etterlatne forsto ho at dei framleis har dette tett på livet og at det er ei viktig sak å dekka, sjølv 20 år etter.

– Eg følte eg fekk god medvind i ei motvind-sak, seier ho.

Det første Haukås gjorde då ho skulle begynna å jobba med saka, var å kontakta ein tidlegare kollega i Stavanger Aftenblad som dekte saka og etterspelet for 20 år sidan, for å friska opp historia. I tillegg bladde ho gjennom gamle utgåver av Vestavind. Der fann ho eit intervju med han som eigentleg skulle ført «MS» Sleipner ulukkesdagen, men som var flytta over på «MS» Draupner. Han ønskte ikkje å bli intervjua i dag. I staden har Vestavind brukt faksimile og sitat frå saka frå 1999.

Haukås oppmodar andre som skal dekka liknande hendingar om å trø varsamt og visa respekt når dei tar kontakt med etterlatne og andre kjelder.