Reidar Hystad i Berlin og på møte med Visiolink.
Reidar Hystad i Berlin og på møte med Visiolink.Bilde 1 av 2
Reidar Hystad (t.v) var ein av få nordmenn på konferansen. her i samtale  med Visiolink sin danske representant.
Reidar Hystad (t.v) var ein av få nordmenn på konferansen. her i samtale med Visiolink sin danske representant.Bilde 2 av 2

Konferanse i Berlin:

Norge er heilt i front digitalt

I midten av oktober vart det arrangert digital innovasjonsmesse i Berlin, med WAN-IFRA som arrangør.

Kva sit ein eigentleg igjen med etter to dagar med føredrag, og ikkje minst kva kan ein gje tilbake til lokalavisene etter ei slik messe. For det første, det er ikkje mogleg å koma tilbake til Norge med den eine knallgode ideen som vil redda oss lokalavisene i omstillinga frå papir til nett. Norge er truleg det landet som er kome lengst i å få brukarar til å abonnera på den digitale avisa.

Digitialt

Det var ikkje berre lysteleg det som kom frå scena i starten av konferansen: Vi er i trøbbel, vi mister lesarar, dei unge liker ikkje papir. Vi blir spist opp. Berre dei sterkaste vil overleva var spådommen. Konklusjonen var ikkje spesielt oppsiktsvekkande eller ny: Satsing digitalt er einaste vegen å gå.

Skriv om de lesarane vil ha

På same tida er det viktigare enn noko gong å skriv om det lesarane er opptekne av. I nesten kvart einaste føredrag vart det peika på kor viktig det er å ha lesaren i sentrum. Vi må ha lesarane i tankane heile tida, har vi ikkje det får vi ikkje heller nokon til å betala for produktet vårt. Dette er likt over heile verda, og kva vil vi aller helst lesa om, jo menneske. Vi må skriva meir om folk som bur der vi bur, og litt mindre om asfalt og bygningar.

Elles var det ei klar oppmoding ved tilsetting av nye journalistar, tenk ungt. Skal ein nå dei unge lesarane må ein og ha unge journalistar som veit korleis ein kan nå denne målgruppa.

Eit foredrag om innovasjon for journalistar, var i grunnen interessant, men det fortalde lite om kva vi må gjera for å fornya journalistikken, meir om kva innovasjon er og prosessen for å skapa innovasjon. Generelt var konferansen relativt ulik det vi opplever av konferansar i Norge. Det var meir overbygning og bilde på korleis verda er, medan det å gje gode råd og visa praktiske eksempel ikkje var det mest framtredande.

For oss i Landslaget for lokalaviser er det relativt stor forskjell på kvardagen til dei store byavisene ute i verda. Eit føredrag som på papiret såg veldig spennande ut var «Prisen for å venta for lenge med innovasjon». Men igjen relativt lite å ta tak i for oss her heime. Her var det snakk om ulike betalingsmodellar ein kan velja. I USA og Europa har mange aviser klart seg bra gjennom den digitale transformasjonen ved å få «medlemmer» i staden for abonnentar. Desse betalar, som på eit Spotify eller Netflix abonnement. Dette kan vera interessant, men det krevst relativt stor befolkningsmasse for å klara det, og er det ein ting vi ikkje har nok av i lokalavis-land så er det folk. Det vil eventuelt vera veldig dyrt for medlemmene om vi skal velja ein modell der folk frivillig gjev «gåver».

Nye inntekter

På marknadssida ser vi klart at avisene må finna nye måtar å skapa inntekter på. Når papirinntektene minkar må ein tenka nytt. Det er framleis ein trend at det er mobilen folk nyttar deg av når dei les digitalt. Faktisk er det i Afrika mobilen prosentvis er mest brukt når ein les avisa digitalt. Å få inntektene over frå papir med store flater og god plass, er ikkje lett til den vesle mobilen. Difor må ein i større grad tenkja fleire ulike måtar å skapa inntekter på. Det kan vera alt frå å vera med som arrangørar og sjølv arrangera hendingar i lokalsamfunnet.

Elles er det på verdsbasis slik at det går relativt radig ned på papirlesing, unnataket er i Asia, der dei framleis har relativt stabil lesing på papir.

Husk papiret

Samstundes vart repetert om og om igjen at papiret framleis er viktig. Vi har gløymt å jobba med innovasjon på papir. Det er nedprioritert. Nedprioriteringar har ikkje vor heldig og vi må og tenka innovasjon på papiret, for det vert ikkje spådd at papiret vil ta slutt med det første. Det er framleis den største inntektskjelda. Papiret kjemt til å halda i mange år enno, og dermed er det sagt igjen: ALDRI SNAKK NED DINE PRODUKT.

Frykt

Og kva frykter så avisredaktørar og daglege leiarar i verda aller mest. For to år sidan var svaret innovasjonskultur. No er det berre nummer seks på lista over det ein frykter mest. Den aller største frykta, som 58 prosent svarer er forstyrrelsar i forretningsmodellar med 58 prosent og konkurranse med andre plattformar med 39 prosent.

Og la det vera sagt, det er langt frå sikkert at mobiltelefonen er det alle snakkar om når det gjeld utvikling om 10 år, då kan den vera både gløymt og gammaldags.