Fleire lokalaviser vil gjere grundig journalistikk

Fritt Ord fekk langt fleire søknader enn vanleg til årets siste søknadsfrist. Mange av søknadene kjem frå lokalaviser.

Finnmarksposten fekk Fritt Ord-støtte til å undersøke kvar det vert av inntektene frå Nordkapplatået. Dei presenterte graveprosjektet på LLAs landsmøte i vår.

– Vi ønskjer oss fleire søknader frå lokalavisene, anten det gjeld heilt konkrete graveprosjekt eller andre ting. Det sa Fritt Ord-direktør Knut Olav Åmås til LLA for eit par veker siden. Etter at årets siste søknadsfrist gjekk ut, kan Fritt Ord melde om langt fleire journalistikksøknader enn gjennomsnittleg, 94 stykk totalt.

– Av desse kjem 14 søknader frå lokalmedium, og tre frå frilansarar som planlegg publisering i lokalmedier. Så her har nok motiveringa fungert, fortel rådgjevar Tonje Olsrud i Fritt Ord.

– Dette er veldig gledeleg, seier generalsekretær i LLA Tomas Bruvik. – Det viser at lokalavisene er opptatt av å gjere ein innsats med undersøkande og gravande journalistikk. Takk til alle i lokalavisene som greip fatt i dette då Åmas sa at det var pengar tilgjengeleg.

Finnmarksposten er mellom LLA-avisene som tidlegare har hatt stor nytte av midlar frå Fritt Ord. Les meir om Finnmarkspostens graveprosjekt. Prosjektet resulterte mellom anna i eit digitalt magasin om korleis private aktørar fekk monopol på Nordkapp.

Den pågåande journalistikksatsinga til Fritt Ord inneber at dei løyver inntil 25 millionar kroner i året i fire år til norsk journalistikk. No har dei hatt prosjektet i to år. I 2020 har dei desse søknadsfristene:

10. januar 2020 kl. 15.00
6. mars 2020 kl. 15.00
8. mai 2020 kl. 15.00
7. august 2020 kl. 15.00
18. september 2020 kl. 15.00
13. november 2020 kl. 15.00

Andre stader lokalaviser kan få støtte:

Medietilsynet: Forutan produksjonstilskotet har Medietilsynet mellom anna stønadsordningar for innovasjon og lokale lyd- og bildemedium.

Senter for undersøkende journalistikk (SJUO): SUJO tilbyr både stipend og fagleg støtte til undersøkande journalistikk.

Pressestipend: Sjå informasjon på IJ sine nettsider.