Tomas Bruvik i kulturkom okt 2019

LLA i Stortinget: – Viktig og nødvendig løft for lokalavisene

– Den varsla auken i produksjonsstøtte neste år er avgjerande for at lokalavisene våre kan satse enda meir digitalt. Det sa LLAs påtroppende generalsekretær Tomas Bruvik då han nyleg var på to høyringar i Stortinget.

Landslaget for lokalaviser (LLA) og dei andre presseorganisasjonene var på høyringar i Stortinget 21. oktober. Frå LLA stilte påtroppende generalsekretær Tomas Bruvik både i transport- og kommunikasjonskomiteen og i familie- og kulturkomiteen (bildet) for å snakke varmt om lokalavisene før neste års statsbudsjett.

Overfor transportkomiteen sa Tomas Bruvik at han var glad for at LLA og MBL er blitt lytta til slik at det kjem ei kompensasjonsordning for avisdistribusjonen.

– Det digitale taktskiftet skjer seinare enn forventa og vi oppmodar om å ikkje låse av ordninga om tre år. God distribusjon er avgjerande for å oppretthalde avismangfaldet i Norge, sa Bruvik.

Overfor kulturkomiteen på Stortinget gjentok Bruvik ein halvtime seinare at lokalavisene framleis er avhengig av inntektene frå papirutgåvene, men at også lokalavisene satsar digitalt for å kunne gi meir og betre journalistikk på alle plattformer.

– Innovasjonsstøtta er også viktig, den gir alt no synlege resultat, understreka LLA.

Du kan her sjå Stortinget sine opptak frå begge høyringane. Frå transport- og kommunikasjonskomiteen er innslaget 1.20.00 ut i sendinga. Frå familie- og kulturkomiteen kjem innslaget opp frå start.

– God avisdistribusjon er avgjerande for å oppretthalde avismangfaldet i Norge, sa LLAs Tomas Bruvik (t.v) til transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Tomas Bruvik i LLA, Randi Øgrey og Bjørn Wisted i MBL, i transportkomiteen.