Gitarkameratane okt 2019 2

Møtte kulturministeren: Hadde verktøy med i bagasjen

LLA og dei andre presseorganisasjonene møtte kulturministeren forrige måndag. Med i bagasjen: Mediepolitiske verktøy.

Landslaget for lokalaviser (LLA), Mediebedriftenes landsforening, Fagpressen, Norsk Redaktørforening og Norsk Journalistlag la fram forslag til mediepolitisk verktøykasse for dei komande åra då vi møtte kulturminister Trine Skei Grande, statssekretær Frida Blomgren og embetsverket i Kulturdepartementet sist veke (bildet).

Mellom forslaga var innretninga på produksjonstilskott, innovasjonstilskott, kompetanse og vikarstøtte.

På møtet diskuterte vi også forslaget om fritak for arbeidsgjevaravgift, der organisasjonane presenterte ein ny Canadisk modell for skattefritak for redaksjonelle kostnader.

Bransjen presenterte og ei rekkje forslag som ikkje kostar særleg, men som vil lette det journalistiske arbeidet. Dette handlar mest om openheit og innsyn, og tilrettelegging av informasjon. Kulturministeren la her vekt på at det i budsjettet blir sett av midlar til å digitalisere arkivverket.

– Dette var eit godt og nyttig møte med ein kulturminister som har vist positiv handlekraft i mediepolitikken, seier generalsekretær Rune Hetland i LLA etter møtet.

Frå Kulturdepartementet: Ekspedisjonssjef Christine Hamnen (t.v.), kulturminister Trine Skei Grande, statssekretær Frida Blomgren og avdelingsdirektør Øyvind Christensen.